hansibull skrev:Noen som har et bra tips til denne FTF cacheren?
http://www.geocaching.com/seek/cache_de ... 1b646356be
Her har jeg bla. brukt LAANG til i Photoshop Til å lage et unikt FTFC. Jeg har også laget en liten cache som gave til FTF, og jeg har grublet mye når det gjelder å finne en ny og spennende plass.
Er det da nok å komme med "TFTC" og "FTF"?
For ei tid tilbake var det eg som logga ein cache slik. Eg var på tur og fekk ftf på ein cache som hadde ligge urørt i eit par månader. Eg sette meg til i sola og logga funnet med mobiltelefonen. Eg var strålande nøgd, dette var fyrste gong eg brukte mobiltelefonen til logging, og både det å gå ut på Internett med han og å få sendt av garde loggen gjekk smertefritt. Denne loggen var berre på to slike forkortingar, der FTF var den eine. I hovudet var tankane i gang med å forfatta den endelege loggen, men det fekk venta til eg kom heim.
Samstundes gjekk det ein loggediskusjon på forum, og min logg var presentert på same måten som denne loggen her. Eg skjønte cacheeigaren sin reaksjon på ein så dårleg logg på ein fin cache. Men grunnen til at eg logga allereie der ute i felten, var å fortelja han at nokon endeleg hadde funne cachen hans. Ja, slik kan det gå - det som vart gjort i beste meining, vart misforstått.
Det høyrer med til historia at han orsaka seg etterpå.
Det som er dumt, er at cacheeigar ikkje får melding når ein logg blir endra. Ein TFTC skrive ute i felten blir kanskje til ei lang og fin forteljing om turen nokre timar seinare. Men om cacheeigar berre les loggane slik dei er i e-meldinga som kjem, så får han ikkje vita det.